1. Føremål
Vi jobbar for og skape ein trygg arena for fysisk aktivitet og sosialt samvær i
lokalmiljøet.
Vi ynskjer fyrst og fremst og få bygd ein ballbinge.
2. Medlemsskap
Alle som er over 18 år, og er busett i Kvellestad krins, kan vere medlemmar om
dei ynskjer det.
3. Velforeininga sine organ
Årsmøtet er velforeininga sitt høgste organ, og på årsmøtet vel foreininga sitt
styre.
4. Styret sine gjeremål
Styret skal leie foreininga i samsvar med vedtektene og årsmøtene sine vedtak.
5. Årsmøte
Årsmøtet skal haldast kvart år innan utgangen av mars månad, og skal kallast
inn med 14 dagars varsel.
Saker som skal handsamast :
- styret si årsmelding
- godkjenning av rekneskap
- disponering av overskot/underskot
- val av styre
- val av styreleiar
6. Styret
Velforeininga sitt styre skal ha 3 medlemmar.
Styremedlemmane vert valt for 2 år om gongen. Styret sin leiar vert valt for 1 år
om gongen.
7. Valnemd
Valnemd skal ha eit medlem. Valnemda vert valt på årsmøtet, for 2 år om
gongen.
8. Endring av vedtektene
Endring av vedtektene skal handsamast på årsmøtet.
Forslag til endring av vedtektene må vere styret ihende innan
1. februar kvart år.
Endring av vedtektene krev tilslutting av 2/3 av dei frammøtte på
årsmøtet.
9. Oppløysing
Forslag av oppløysing av foreininga må leggast fram som eiga sak på
årsmøtet.
For gyldig vedtak vert det kravd at 2/3 av dei frammøtte stemmer for.
Dette vart vedteke på årsmøte den 17/3-08.